Koh Samui har alt som skal til for at eg trives på ferien! Det er ikke uten grunn eg har besøkt øya 5 gongar, forlova meg, gifta meg og vore på bryllupsreise dar!
Sist me besøkte Koh Samui var i jula, eg gler meg alt til neste gong!
Kva er det med Koh Samui så gjere at eg likar meg så godt spør folk;
- Øya har eit bra utvalg av aktivitetar for heile familien
- Det er flotte strender og fin natur
- Menneska er veldig vennlige
- Det er lekre hotel
- Det er litt liv på kveldstid og i gatene uten stor grad av sex turismen som ein finner andre plassar
- Masse gourmetrestaurantar
- Lett å kombinera med nærliggande øyer og andre plassar i Thailand (Trykk her for eget innlegg).
- Dei er så glade i barn, så her er det berre å setta seg ned på stolen og la dei få leika med barna
- Eg føler meg trygg der!
"Mitt 3.møte med Thailand var på Koh Samui, etter å ha vore på forskjellige plassar tidlegare kjente eg på ein egen atmosfære når me landa på Koh Samui. Flyplassen var jo berre så sjarmerande i seg sjølv, liten og koselig. Sawaadiiiikkaaaaa helse dei oss velkommen med syngande stemma og vennlige ansikt. Her følte me oss virkelig velkommen! Ein blid mann med eit skilt der det stod Miss Berge kjørte oss til Bandara Resort der me skulle bu dei neste 11 nettene. Me blei ønska velkommen med kald drikka i den store og luftige lobbyen, og ein mann visa oss rommet vårt, ein liten penge fekk han sjølvsagt. Det var så herlig å berre vera der, pusta inn thai lufta, vera rundt så mange vennlige folk og berre nyta omgjevelsane".
Ein liten guide til plassane på øya:
Me har budd i Bo Put kvar gong me har reist te Koh Samui,(foruten om eit par netter andre plassar innimellom), der likar me oss best pga vennlige folk, rolig stemning, masse flotte resort bortover stranda, Fishermans village i enden av stranda med restauranter på kvar side av streeten, god kvalitet på maten, ingen sex barar og herlig atmosfære. Eg kjenner eg får heilt vondt når eg skriver om det!
Bo Put Beach/Fishermans Village: Her er det masse flotte hotell langs den grovkorna stranda, sentrum med rolig og hyggelig stemning, masse gode restaurantar.
Chaweng: Her er det litt meir liv, meir vanlige restaurantar, både enkel og flotte hotell, shopping. Finkorna sand, masse vannsport, meir pågåande strandselgara.
Lamai: her er det meir hipt, ikke fult så trygt, eg syns rett og slett det var shabby i streeten her. Enkle og rimeligere overnattingsplasser. Fin strand, men eg gjekk ikke uti å bada uten veska mi her.
Området mellom Lamai og Chaweng, mange fine hotell, men ikkje noko særlig strand og strandmoglegheter.
Choeng Mon: Koselig område, fin strand, roleg og nokon restauranter.
Kva kan ein gjera på Koh Samui:
Før me fekk kids låg me pal på stranda heile dagen, tok ein after sun før me gjekk opp på rommet og kvilte middag og så var me klare for middag og ein drink. Så me har egentlig ikkje sett oss så masse rundt på øya før i fjor;) Det som gjorde mest inntrykk på oss då var den flotte elefant farmen Samui Elephant Kingdom. Her kom me tett på elefantane som gjekk fritt inne på eit stort område. Dei hadde det godt der, og me såg kor folka kosa seg med elefantene og omvendt! Me tok med oss ein kurv og gjekk opp på rampen og mata dei derifrå, det var både stas og litt spennande for ungane. Elefantene er jo store dyr. Etterpå gjekk me ned på bakken til dei, fekk klappa dei, sett på når dei bada og ja dei besja til og med i det vatnet dei bada i;) Det var litt fasinerande syns 5 åringen. (Når du skal besøka dyreparker, sjekk og les anmeldelsar, så du ser at dei har bra dyrehold der. Det er dessverre ikkje alle plassar i verden dei tar godt vare på dyra).
Mitt beste tips: Finn ein sjåfør så kan kjøra deg rundt der du vil på øya. Me avtalte med vår mann at me skulle i elefantparken først, så til Big buddah etterpå. Me brukte han på fleire ting, og han var presis og pålitelig. Ønsker du at barnet ditt skal bruka barnestol så må du spørre om dei har det eller medbringe sjølv. Ikke forvent at dei har iso fix. Ikkje alle har dei nyaste bilane med godt utstyrt air conditon, så husk det.
Attraksjoner som me har vore på, det finns masse meir:
*Big Buddah- eget område med buddha statuer, ingen inngangspenger.
*Elefantpark- Samui Elephant kingdom
*Granmother and Grandfathers rocks
* Båttur til Nasjonalparken Ang Thong
*Shopping på markedet i streetane eller i butikkane i Chaweng
*Massasje- altså 60 kr for 1 time massasje! Og dei er flinke og tar i!
Kor kan ein bu på Koh Samui:
Hotella me har budd på syns eg er ein opplevelse i seg sjølv, dei er så forseggjort, lekre felles områder, frodige hagar og god mat! Som de veit likar eg å bu godt, det har eg alltid gjort på Koh Samui foruten om ein gong når me skulle spara litt pengar, men endte opp med å bu på eit bra hotel resten ;) At folka er så vennlige er eit pluss på overnattingsplassene òg, ein blir så godt tatt vare på liksom! For deg så likar gode frukostar er det topp i Thailand med egen omelettstasjon, godt utvalg av fersk frukt og masse anna digg!
Det er jo klart Peace Resort er spesielt for oss sia me gifta oss der, og det var nydeleg å vera tilbake der i jula, med nyoppussa bungalows med eget basseng og uteområde løfta oppholdet eit hakk.
Hotella er i kronologisk rekkefølge etter kor me likte oss best:
*Anantara Boput Resort; Frodig hage, skikkelig god og digg mat og kule, smakfulle drinkar, det lille ekstra med turn down service, apekattene, nydeleg frukost med masse gode korn og frukt. På Anantara hotell blir ein litt ekstra tatt vare på og blir invitert med på happenings i hagen.
* Banyan Tree; Luksuriøst og lekkert hotell i thai stil, turn down service, nydelig frukost med bobler, boogie serivice inne på området, topp service, fleire aktivitetar på stranda inkludert og barneklubb.
* Peace Resort; Flotte og romslege bungalow med eget basseng, god mat, bra leikerom, solsenger og supbrett/kajakk på stranda
* Bandara Resort; Stort og fleire bassengområder, romslige rom i thai stil, bra treningsrom og spa, supert for barnefamiliar.
* Rocky's Boutique Resort; Stillig hotell i fredlege omgivelser og topp service og nydeleg mat, ala carte frukost som var det lille ekstra. Heile hotellet har ein herlig atmosfære. Ingen sentrum i gåavstand her. (ikke fint å bada på stranda)
* Deva Resort; Flotte rom, med eget basseng, (ikkje fint å bada på stranda)
* Smile House; Greit, rimelig og sentralt. + for fleire soverom i bungalow.
* World Resort; Been there done that ;) for dei så likar det enkelt.
Eta og drikka på Koh Samui
* Sea Sun Samui ved big buddha. God kvalitet på maten og leskende lemonader, relaxing plass.
* Ashore på Anantara Resort. Digg mat som passer alle og gode drinker på stranda
* Kawin`s kitchen; God mat og spennande smaker, ligger oppe ved veien.
* The Shaks; Australsk biff på kullgrill.
* Coco Tams: kjempe god mat, digge drinkar og flammeshow på kvelden.
* Karma Resort; herlig atmosfære og god mat i stillige omgjevelsar
* Kohco Tow; Fransk Inspirert mat med god service "I can take your baby so you can eat"- det er god service det!
* Nikki Beach- sunday brunch; Detta var noko for seg sjølv, all maten var god og det var så masse forskjellig!
Siden 2009 har det skjedd litt i Fishermanns Village, blant anna favorittplassen vår Coco Tams, som ligger heilt nede på stranda. Her er det no komt eit 2.etg restauranthus som er stillig innreda i naturfargar og med knallgod mat. På stranda nedanfor er det sakosekker i sanden og lave bord. Du er heldig om du får eit bord her i 7-9 tia, ja for då er det jo fire show. Det er ein egen kunst syns eg, og 5 åringen var heilt fasinert over dette, og ville gå der kvar kveld. Å sitta på desse sakkosekkane og nyta musikken, varmen, thai atmosfæren, sjå på folk og berre nyta livet mens ein tar seg ein smakfull drink er livet :D
Her fekk me den største drinken eg har sett, god var den òg!
I Do💍
Kvar gong me har vore på Koh Samui så har me møtt på kjensfolk, det er kanskje ein grunn til det, det er ei populær ferieøy! Når me gifta oss her i 2013 fekk me introdusert øya til 60 venner og familie, det er ein opplevelse eg (og forhåpentligvis dei) seint vil gløyma! Eg har skjønt på gjestane som om at dei var rimeleg fornøyd med øya dei òg, og nokon har reist tilbake etter det.
" Skal me ikke berre nett gå opp i gata å sjå litt hos ho bryllupsplanleggaren sa eg til mannen i 2011, lite viste eg at nokon dagar seinare fridde han på stranda "vår" og 2 år seinare gjekk eg barfot ned "strandgolvet", ein draum blei til verkelighet". Går du med ein draum om å gifta deg i utlandet, DO IT! Thailand er perfekt land å gifta seg i, det er gode bryllupsplanleggara der. Det einaste du må gjera er å informera gjestane dine i god tid så dei får spart opp litt og ordna seg reisa.
Reisetips:
Når me reiser til Koh Samui flyr me ofta rett ned frå Oslo, berre ein mellomlanding i Bangkok. Husk å ha greit med tid så du rekker innom passkontrollen i BKK, baggasjen blir sendt heile veien om du kjøper billett heilt fram. Det er fint å kombinera Koh Samui med andre strandparadis, byar eller andre land. Bangkok er ein by så er verdt eit besøk. Innlegg fra byen kjeme seinare i haust! Ein liten båttur på ca 40 min kommer du til naboøya Koh Phangang som er kjent for full moon partys, her er det shabby og lite liv ellers. Men Nord på øya er det heilt nydeleg. Det fortjener eit eget innlegg som eg gler meg til å skriva. Koh Tao som ligger 1,5 time med båt fra Koh Samui er dykkerparadis! Eg har kun vore i land der som dykkargjest, men neste gong skal eg reisa over å bu der!
*Trafikken på Koh Samui er litt voldsom, å leiga bil er det få turistar som gjere, få heller nokon så kan kjøra deg rundt, evt leie ein scooter.
*Tuk tuk er ikkje så poppis på øya, men det er masse taxier.
*Det er masse minibankar rundtom, men dei fleste restaurntar tar kort. Sjåførar, taxi, massasjeplassar tar cash.
*Koh Samui egnar seg godt som ein sommar destinasjon, med godt klima. Ei og anna regnskur kjemi sjølvsagt.
*Eg vil sei Koh Samui egnar seg lika godt til alle målgrupper. Fantastisk for barnefamiliar som for par!
Det er vanskelig å beskriva Koh Samui heilt, eg har så masse meir å fortelle, men du har sikkert skjønt at eg likar meg på øya, og eg kan varmt anbefale alle ein tur til Thailand og særlig Koh Samui! Eg seier berre- reis der og prøv det sjølv! Ta gjerne med deg eit tips eller to! Liker du det du har lest blir eg glad om du trykker på hjertet under <3
Ta gjerne ein kikk på innlegget mitt om Smilets land-der eg har skreve om dei forskjellige plassane eg har vore.
Har du spørsmål om Koh Samui eller Thailand er du velkommen til å senda meg ei melding på Instagram eller facebook!
Comments