I medio August satt eg kursen mot Örebro der eg var invitert på ei pressereise i regi av @opplevsverige, @vistorebro og @visitnora. Eg var på tur saman med May Liss som har bloggen Malivasverden
Me skulle få oppleva kva desse to koselige byane har å by på med mat og kultur. Eg tar deg med på ein mat og kultur reise gjennom desse to byane.
Örebro
Fredag formiddag sjekka me inn på City hotell Örebro som ligger sentralt til i byen med ein heimakoselig atmosfære og vennlig betjening. Rommet var komfortabelt og stilig innreda. Frukosten hadde masse godt å by på. Eit pluss i margen for eget parkeringshus for gjestane rett ved hotellet (mot betaling).
Me vandra 8 minutter frå hotellet og ned til Örebro slott som ligger ved å-en. Me tok oss ein fika på Lill-Annas slottscafé , altså så masse gode bakeverk, salatar og jusar. Etter lunsj gjekk me rundt i byen og såg på kunstutstillinga Open Art med masse flott, morsom og spennande kunst i naturen. Ved å lasta ned appen Open Art så kunne me høyra historien bak kvar kunst, det stod òg skreve eit skilt på kvar av utstillingane. Min favoritt var den fargerike «ormen» på brua. Med oss på denna vandringa var SVT som skulle laga eit innslag om korleis Örebro brukar influensere til å markedsføra byen. Det var skikkelig kjekt! Er så flott at destinasjonar satsar på influenser markedsføring, på den måten kan me visa dåka dei flotte plassane gjennom våre auge. Eg har delt meir om detta på instagram og facebook profilen min. Her kan du sjå innslaget.
Ser du kva kunsten i det tredje bildet er? ;)
Det var nokon kjekke og intense timar med SVT så me satt oss ned på Frimis Salonger og tok noko leskelig i sola mens me nytte synet av Örebro slott og kunstutstillingane. Detta var ein skikkelig kul utservering.
På kvelden var det dags for middag og drink på den nye takbaren Glassery. Her var det kul stemning med utsikt over Örebro og me fekk ein flott solnedgang mens me nytte ein forfriskande drink og dirty fries. Eigaren Hans Bihl viste oss rundt og fortalte gladelig om månedene etter oppstart. Me tok heisen ned i 1.etg og fekk eit nydeleg måltid. Servitøren var så dedikert og dyktig på mat og vin paring. Me begynte med ein forteffelig kantarell toast og eit glas champangne. Altså det må vera noko av den beste kantarell retten eg har fått! Etterfulgt av ein nydeleg biff med ramsløksmør og grønnsaker. Mette og gode sov me godt på hotellet.
På lørdagen sjekka me ut av hotellet og gjekk ned til Örebro slott for å leiga syklar. Me sykla nedover langs vatnet eller å-en så dei seier i sverige og til Naturens hus som ligger i eit kulturreservat. Kun 10 min frå sentrum. Sykkelturen var kjempe vakker! På Naturens hus møtte me Håkan Bjurström som dreiv den saman med kåna. Det var fult av folk så nytte ein god matbet og naturen. Me rusla bortover til brua der me fekk flott oversikt over naturreservatet. Her kunne me nytt naturen og stillheten ein heil dag, men me måtte sykla vidare. Me stoppa innom Vadköping, der var det matmaked den helga, så me fekk smaka på god mat frå Håkan sin restaurant Stora Hjortstorps Gård. Vadköping er så koselig med sine gamle trehus hus og nisje butikkar, sjå så koselig!
Nora
Etter ein halvtimes tid i bil frå Örebro kom me til den sjarmerande byen Nora. Med sine 6000 innbyggere har dei så masse rik historie og kultur som me fekk besøka i tur og orden. Göthlinske Gården var eit historisk hus med masse gamle møbler, ting og kle frå 1800 tallet. Så fasinerande å sjå. Me fekk god innføring i historien av ein dyktig guide frå @visitnora. I hagen der nytte me vaffellunsj hos kafèen Selma G med utsikt til vatnet.
Me sjekka inn på Det lilla hotellet i Nora, altså her var det stelt i hagen og heimakoselig stemning så vertane Petet & Peter sørga for! Det var 12 rom og me delte suita i toppetg med kvarsitt soverom, ein kjøkkenkrok, sofagruppe og bad. Her nytte me eit par timar i hagen med eit glas bobler mens me lot alle inntrykka synka inn! På det lilla hotellet i Nora fekk me
,3forsyna oss av farris, kaffe, små chipspåsar og kjeks, noko så gjestane setter skikkelig pris på.
På kvelden gjekk me bort til den kjente restauranten Bryggerikrogen, her tok dei oss gjennom ein nydeleg 7 rettars middag med vinpakke. Lokalet var stemningsfult med open kjøkenløysing Bildene taler for seg. Det som var så koselig var at både eigaren Veronica Carlsson, servitørar og kokkane kom ut å serverte rettane og presenterte dei! Dei ordna eit par av rettane slik at eg fekk uten fisk og skalldyr. Sjølv om alle 7 rettane smaka forteffeleg så hadde eg to favorittar, det var ein tomatsalat med jalapenjo skum og kantarell salat.
Eg sov som ein stein på Det lilla hotellet i Nora, det var heilt stille og temperaturen var perfekt med air con på rommet. Frukosten nytte me på balkongen i 2.etg. Det var eit godt utvalg på frukosten med masse heimalaga og kortreist mat. Brødet som Peter baka var heilt nydeleg! Eg er så glad i slike unike overnattingsplassar, og når vertane er så koselige og dedikerte så blir det eit topp opphald!
Me gjekk bort til torget og fekk smaka på masse deilig hos Nora Ost og Delikatesser. Disken bugna over med så masse gode oster og skinker! Det blei sjølvsagt med masse godsaker heim! I Nora er det fleire små nisjebutikkar i dei fargerike og små husa. Det er det som gjere det så sjarmerande. Ein anna ting så eg la merke til er at alle i Nora var så opptatt av å hjelpa dei andre så driver føretak der, og anbefalte oss plassar. Skikkelig flott samfunn! Så var det dags å smaka på den kjente isen Nora Glass, me fekk 3 gode smaker mens me nytte stemningen i hagen med utsikten til vatnet. Etterpå blei det ein vandring i Maria Langs fotspor med guide fra @visitnora, du har kanskje lest nokon av bøkene henas. Spennande historie og å sjå kor ho holdt til.
5 min i bil unna Nora sentrum ligger Pershyttan som er eit kulturreservat, der me hadde lunsj i ein gammal togvogn. Togtransporten er veldig viktig del av historien i Nora. Her møtte borgemesteren oss og slo av ein hyggelig prat. Det er flotte gåstiar innover i naturen og folk slo seg ned å nytte nistepakken sin rundtom i naturen. Me var innom hyggelige Kerstin som driver Galleri Victoria, her var det så mange skattar av brukt antikk og interiør. Ho skal flytta butikken sin ned i Nora sentrum denna hausten. Kerstin har virkelig sansen for interiør og me fekk gleden av å bli med ho inn i den nydelege heimen henas. Altså det var nett så eit museum, så mange skattar i ein flott herskapsbolig.
Opplevelse kontoen på sjarmerande småbyar i Sverige blei virkelig påfylt og eg sitter att med masse flotte minner frå ein flott tur! Me blei så godt mottatt! Svenskane er utrulig gjestfrie og hyggelige altså! Dei smiler og ingenting er eit problem, dei ser løysinger på alt! Å vera på tur hos søta bror er fantastisk! Takk for at eg fekk vera med på denna turen @opplevsverige, @visitorebro og @visitnora. Og ikkje minst takk for ein fantastisk reisefølge May-Liss! Eg vil gjerne oppleva meir av vårt kjære naboland! Håpar du blei inspirert til å ta turen innom eller legga turen til Örebro og Nora!
Korleis komma seg til Örebro:
Flixbuss tar deg direkte frå Oslo- Örebro på 5 timar.
Toget tar deg til Örebro på ca 4,5 timar med togbytte i Hallsberg.
Eg kjørte frå Gjøvik til Örebro på 5,30 timar.
Örebro ligger ca 2 timar frå Stockholm.
Det har ikkje blitt lagt føringar for kva eg skal skriva og dela, detta er mine egne opplevelsar og skildringar!
Yorumlar