top of page
Forfatterens bildeEva

Reiseåret 2024- Fylt med opplevelsar!

Året begynte med eit brak, eller uendelige brak på stranda i Bali, der skaut dei opp fyrverkeri i eit sett, litt for masse av det gode- ja! Men me hadde ein fantastisk ferie på Bali då! Det har vore eit år fylt av masse gleder, opplevelser, sorger, utforingar og kvardagen. Årets reise høgdepunkt kjeme lenger nede i innlegget, så følg med!

(Alle ord/plasser med understrek er link til blogginnlegg derifrå, god lesing!)


Januar: Me nytte siste rest av Balituren vår. Denna reisa hadde vore fantastisk og spennande! Me fekk oppleva ein ny kultur, sjå flotte plassar og ta del i lokalbefolkningen. Du kan lesa meir om reisebreva frå dei ulike plassane her.

Eg stilte på årets happening Travel Match i Oslo der eg fekk møtt mange spennande reiselivsaktørar frå verden og andre kjekke bloggkollegaer. Og jammen blei det ikkje eit samarbeid på meg denna gongen òg!




Februar: Me tok ein kortreist middag på Fauno på Gjøvik med italiensk aften der me fekk kontakt med ein vinprodusent me skulle besøka seinare i år i Piemonte. Ellers var det leik i snø som prega den månenden. Før me satt oss på flyet til Casaen i Spania for påfyll av sol. Masse flotte opplevelsar fekk me der, og nye plassar blei besøkt. Bla eit besøk til Murcia, sitronfarm, turar og masse god mat!




Mars: I påsken satt me oss i bilen og kjørte over fjellet til heimbygda mi Strandebarm i Hardanger. Der blei det hygge ved fjell og fjord. Samt eit besøk til Stord på jubileum med familien.




April: Samarbeidet som eg fekk på Travel Match gjekk til Riga der eg og min mann fekk ein koselig tur med masse god mat, spa og sightseeing i byen. Det var berre heim å bytta om kofferten før jubileumsturen med 2 andre veninner fant sted i Barcelona! For ein herlig by! Eg blir aldri lei :) Her får du mange gode Barcelona tips!




Mai: var ein rolig måned med fryd over at snøen var forsvunne og sommaren var komt! Mange flotte stunder i hagen med familie og venner! Så var det var duka for konfirmasjon i Strandebarm, og me fekk nytt fjell, fjord og familiehygge heima, i den flottaste tida, nemlig bløming i Hardanger! Me avslutta Vestlandsturen med ein overnatting i ekstrembygda Voss i strålande sol.




Juni: Detta var ein måned med skrekkblanda fryd, eg fylte nemlig 40! Det skulle gå forbi i stillhet, men eg hadde mange gode venner som kom på døra med blomar og blobler, så utrulig koselig :) Ein tur til Oslo blei det òg, vandra turen langs Akerselva, som er så koselig! Juni enda veldig flott, eg fekk plutselig barnefri 1 veka og satt meg i bilen og kjørte over fjellet til vestlandet, fekk sett både Oldefjorden, Nordfjord, Stadt og Solvorn, heilt magisk! Avslutta med ei veka heima i Strandebarm med familien. Blogginnlegg om turen kjeme!




Juli: er forbeholdt tur til Casaen i Spania, ja for solgaranti og palmesus må eg ha! Me kosa oss masse med strandliv og gode venner og familie. Ein tur til favorittøya mi Isla Tabarca blei det sjølvsagt, altså eg er forelska <3




August: Ferien fortsatte på Casaen, det blei ca 4 veker her nede. Ein overnatting i vakre Altea var sjølvskreven og nye perler oppover kysten blei oppdaga! Det må komma i blogginnlegg snart. Costa Blanca har så mange flotte plasser, herlig klima og behagelig atmosfære. Vel heima var det å pakka i bilen og setta kursen mot Söta Bror. Ein bloggetur til Örebro og Nora var ein kjempe flott opplevelse!




September: Skal me sei eit av årets høgdepunkt? Ja det vil eg sei, nemleg vintur til Piemonte. Altså makan til ein flott opplevelse! Ta gjerne ein kikk her, masse tips og skildringar frå turen. Denna turen lever eg lenge på! Det var berre å bytta ut vin antrekket med fjellsko og strikkagensar for eg var så heldig å få lov til å reisa opp på Hardangervidda og halda workshop på Halne Fjellstugu med elevar frå salg, service og reiseliv. Det er eit eventyr å få vera på vakre Halne!




Oktober: I haustferien satt eg og ungane oss i bilen og reiste over fjellet til heimbygda Strandebarm i Hardanger. Der var det naturopplevelsar og familiehygge. Det er ein eigen ro å komma heim! Hardangerfjorden er ein flott destinasjon alle årstider, det finns ikke dårlig vær, bare dårlige klær seies det ;) Me tok den siste helga i haustferien i hovedstaden. Oslo bada i sol og flotte haustfargar! Me fekk sett det flotte lyskreasjonen Nordic Pixel Forest på Ekeberg! Eg har tips til både kor ein kan bu og kvar ein kan eta i Oslo.

Som om det ikkje var nok, reiste eg og ei veninna på eit kortreist speglhytte eventyr på andre sia av Mjøsa. Det var ein unik opplevelse! Hos Furu Natur & Kultur ligger alt til rette for eit avslappande opphald i naturen.





November: det var ein måned eg ikkje var utanfor fylkesgrensa, ja eg må jo jobba og vera med familien litt heima òg. Men ein tur over Mjøsa blei det, eg fekk halda workshop for ein skuleklasse i Ringsaker Vidaregåande skule i digital markedsføring. Så kjekt og lærerikt!

Eg kosa meg med familien og vennner med litt julehygge seint i november.




Desember: Julamåneden, me begynte tidlig å pynta og kosa oss med julaforberedelser. Så bar det ut på nok eit kortreist eventyr, nermare bestemt Lauv Tretopphytter i Feiring, Eidsvoll kommune. Der var det virkelig ro i sjela og avkobling for heile familien. Eg har ein rabattkode om du lot deg frista etter innlegga eg la ut på sosiale medier: Eva20 gjer 20% på overnatting i Lauv Tretopphytter fram til 1.april. Ein tur til julepynta Oslo blei det òg, med veninnehygge og litt networking med andre i min bransje. Herlig påfyll! I jula kosa me oss på Gjøvik med mine foreldre og jammen kom ikkje nissen på besøk!

1.juladag forlot me snøen og satt oss på flyet til Casaen i Spania! Altså så herleg å komma ned til SOL!!! lysare dagar og berre avslapning med familien. Det er kvalitetstid <3




Håpar du har blitt frista til nokon av reisemåla eg har lagt ut detta året òg! Setter stor pris på dåka så er inne å leser mine blogginnlegg, følger meg på sosiale medier og kjeme med tilbakemelding! TAKK!


Når det skal seiast, ser detta veldig flott og luksus ut å reisa og oppleva så masse, og det er eg evig takknemlig for at eg kan! Men me har alle utfordringar, så detta året har vore skikkelig dritt, særlig helsemessig. Men å reisa er å leva for meg! Å komma seg til sol og varme er meir enn berre opplevelsar, det er medisin for min kropp, her slepper smertene og sinnet blir lettare. I 2025 ønsker eg meg flybilett på blå resept!

Grunnen til at eg kan ha det fleksibelt og reisa avgårde midt i veka, er at eg driver mi eiga synleghetsbedrift der eg hjelper bedrifter til å vera synleg på nett, digital markedsføring, sosiale medier manager, workshops, laga nettsider mm . Du er velkommen til å ta ein kikk på www.egserdeg.no


Riktig godt nyttår alle saman!

Reiseklem frå Eva :)



19 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page