top of page
Forfatterens bildeEva

Reisebrev del 3- Gili Air- ParadisđŸ€©

DĂ„ har me vore 7 netter i paradis med stor P! Makan til vakkert😍! Detta var drops for augođŸ€©. Stillheten, atmosfĂŠren og den laid back stemninga var heilt eget her ute, me visste verken tid eller dato. Ingen bilar, kun syklar, elmopedar og hestar sĂ„ her gjekk det rolig for seg. Dei fleste strĂ„hyttene ligger langs strandlinja pĂ„ Ăžya, og mange enklare overnattingsplasser inne pĂ„ Ăžya. Gili Ăžyane hĂžyrer til Lombok og ligger rett utanfor


Me valgte Bambu Cottage som hadde i underkant av 10 hytter av bambus. Her var det enkle forhold, men alikavel ein av dei finaste pĂ„ Ăžya (vil eg sei). Dei rosa blomane pryda bĂ„de innganspartiet og strandrestauranten. Hytta vĂ„r var av enkel standard, med glipper mellom tak og vegg, utedusj, enkel reingjering, mange sĂžte kattar (som skremte livskiten av meg midt pĂ„ natta), filtrert saltvatn i springen/dusjen og kun 3 kakerlakker pĂ„ hytta (2 av dei dĂžde) - ja primitivt men bekvemt. Eg fekk testa ut mine grenser, men ville ikkje bytta sjĂžlv kor godt eg likar meg pĂ„ 5 stjernes hotell þ😉 Det er ein del av det Ă„ bu i paradis. Ingen store resort her. Det hadde blitt heilt feilđŸ™ŒđŸœ


Kulturen her er meir laid back enn pĂ„ Bali, sĂ„ det blei eit kulturomveltning for oss, men etter nokon dagar sĂ„ kom me oss inn i kulturen og greide Ă„ innfinna oss med at slik var det herđŸ™ŒđŸœ. Dei pĂ„ hotellet kverulerte litt med oss bĂ„de pĂ„ innsjekk og ved rekning med middagen. Men etter dei skjĂžnte at det ikkje var vits blei dei hyggelig med oss. Oppholdet pĂ„ denna Ăžya var prega av sjukdom for barna og Lars, sĂ„ det blei rolig, og ikkje noko voldsomme utflukterđŸ˜·. Men dei fekk god legehjelp alle sammen, og eg fĂ„r ikkje sagt det nok gongar kor viktig det er Ă„ ha reiseforsikringa i orden.đŸ‘ŒđŸŒ


Me leigde syklar og sykkla rundt pĂ„ Ăžya fleire dagar, bĂ„de langs stranda og inne pĂ„ Ăžya der lokalbefolkningen bur. Her fekk me virkelig innblikk i kulturen pĂ„ Ăžya, korleis dei lever her, veldig enkelt og primitivt. SjĂžlv om dei virkar glade og fornĂžyde med livet sitt😄 Me stoppa opp Ă„ snakka med fleire pĂ„ vĂ„r vei, og hĂžyrte korleis livet deiras er, det er veldig spennande Ă„ hĂžyra, og ikkje minst totalt annleis enn me har det. Her klagar eg pĂ„ at det var hard seng pĂ„ hotellet og lite futt i air con, mens dei lĂ„g pĂ„ ei strĂ„matta i butikken sin med ein liten air con eller ingen. Ja me har det godtđŸ™ŒđŸœ Sentrum, som ligger rett over havna var veldig sjarmerande med smĂ„ kafĂšer, restauranter og butikkar. Her tok me oss litt lunsj, kaker og limonade. Samt berre gjekk rundt i streeten og fĂžlte pĂ„ stemningen!


Eg er sĂ„ glad me budde pĂ„ akkurat det hotellet me hadde booka- Bambu cottage, det var velstelt bĂ„de pĂ„ stranda og pĂ„ hotellomrĂ„det, samt utanforđŸ€©đŸ‘ŒđŸŒ. Det var det ikkje alle hotell som hadde lika inbydande nabolag, dĂ„ hadde eg ikkje tivdes lika masse. Itillegg var stranda fin, blanding mellom sand og korallstrand, og rolig sjĂž. Me gjekk ut 50 meter frĂ„ hotellet der var det eit fint rev med bĂ„de fiskar og havskilpadde. Kvar morgon Ă„t me frukost pĂ„ stranda, me kunne velga mellom 6 retter, samt frukt og brĂžd. Ikkje minst eit stort pluss for alle kattaneđŸ˜» Som ein kattefamilien gjekk me rundt Ă„ snakka og kosa med dei, dei fekk litt mat og ekstra kos i hytta vĂ„r ĂłgđŸ˜» Det var ein del enkle restaurantar rett attmed hotellet, sĂ„ var det nokon fleire litt lenger unna. Me sykla nedover Ăžya i ca 10 min og kom til nokon gode restaurantar der me satt pĂ„ stranda og Ă„t grill mat og det var live musikk. Prisen for middag og drikka for oss 4 pĂ„ dei restaurantane var ca 700kr. Mens pĂ„ dei nĂŠr hotellet kosta det ca 400 kr. Greit Ă„ veksla litt pĂ„.


Oliva og eg tok oss ein bĂ„ttur ein dag og kjĂžrte rundt Ăžya vĂ„r og snorkla, der sĂ„g me masse fine fiskar og havskilpadder🐱. Det var stort for oss, dei kom ganske nĂŠrme😄 Me kjĂžrte vidare bort til sundet mellom Gili T og Gili Meno der me snorkla ned for Ă„ sjĂ„ pĂ„ stautane under vatn, det var stillig, men sĂ„ alt for mange folk der, sĂ„ blei litt kaotisk. Over pĂ„ andre sia, pĂ„ Gili T, nesten heilt inne pĂ„ stranda snorkla me med fleire havskilpadder🐱. Eg stod med vatn til knea nĂ„r eg sĂ„g skilpadder. Detta var kjekt altsĂ„:😄 Ein slik bĂ„ttur kostar ca 100 kr per pers⛔. Guiden vĂ„r var sĂ„ snill at han dykka ned pĂ„ sikkert 6 meters djup for Ă„ filma havsklipaddene for oss. Det hadde ikkje eg greid ;) Turen blei avslutta med lunsj pĂ„ Gili Meno, den roligaste Ăžya. AltsĂ„ detta var endĂ„ meir paradisđŸ€©

Gilli Ăžyane passar for alle som vil ha det fredelig i paradis! Gili Air som me budde pĂ„ passar godt for alle, men barnefamiliar likar seg der, og eg mĂ„ sei at austsida av Ăžya var perfekt med tanke pĂ„ rolig vatnđŸ‘ŒđŸŒ. Heile sĂžrsida var det meir bĂžlger og vind. Hadde ikkje vore sĂ„ kjekt for oss vaksne heller.

Gili Meno er eit rolig paradis, veeeldig rolig, men nokon likar jo det ĂČg. Gili T kan passa for mange, men sĂŠrlig dei sĂ„ likar meir liv. Ein finner plassar sĂ„ ikkje er midt i party omrĂ„det ĂČg!


Mine tips for ein fin opplevelse pÄ Gili Air:

  • Badesko

  • Mange overnattingsplasser hadde snorkel og dykkermaska, ellers kunne ein leiga det

  • Enkle butikkar med chips, drikka, nudlar og sanitĂŠr artiklar, ingen babymat/ bleir ol.

  • Leig ein sykkel ( 70 kr per dag) me fekk med barnesete

  • Ta ein sykkeltur inn pĂ„ Ăžya og fĂžl pĂ„ stemningen og sjĂ„ korleis dei lever der

  • Klesvask kr 5,- for ein plastpĂ„se med kle

  • Ikkje mange minibankar, sĂ„ ta ut litt. Dei fleste kioskar mĂ„ ein handla for minimum 70 kr for Ă„ bruka kort.

  • Restaurantanbefalingar: Zipp Bar, Chill Out, Sharkbites, Italy, Kopi Susu.

  • Austsida for soloppgang og vestsida for solnedgang

  • Overnatting: Bambu Cottages

  • Ulike bĂ„tselska fraktar deg frĂ„ fastlandet til Ăžyane, ca 3 timar frĂ„ Bali, rekn med litt sjĂž og varmt i bĂ„ten.

  • Mest turistar frĂ„ april og utover, hĂžgsesong sommarmĂ„nadane

  • Alkurat passe med turistar no

  • Kom 2 regnskurer 2 kveldar

  • Varmare klima enn Bali


Det var ingen som hadde lyst Ă„ forlata paradis, men her skal me tilbakeđŸ™ŒđŸœKontrastane gjorde at det blei spennande og lĂŠrerikt for oss😊 Savnar stillheten allerede! No gĂ„r turen vidare til ei anna lita Ăžy, Nusa Lembongan som ligger rett utanfor Bali⛱


PÄ sosiale medier deler eg fleire bilder bÄde i storys og innlegg, ta deg gjerne ein kikk.

Reisebrev frĂ„ Sanur og Ubud finner du under😎


180 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page