top of page

Vintur i Piemonte – Lokal mat, sjarmerende landsbyer og autentisk vinsmaking 🍇

  • Forfatterens bilde: Eva
    Eva
  • 29. des. 2024
  • 6 min lesing

Oppdatert: 6. feb.

Ei smaksrik vintur gjennom Piemonte

I september fekk me høve til å utforske dei sjarmerande landskapa i Piemonte, Italia. 🍇 Denne regionen, kjend for sine verdskjende vinar og rike kulinariske tradisjonar, tok oss med på ei reise gjennom vingardar, lokale delikatesser og autentiske smaksopplevingar.


Me var tre vennepar som reiste på årets vintur og landa i Milano MXP, der sjåføren vår venta på oss. Frå Milano til Barolo, Piemonte tok det ca. to timar med bil.


Turen vår var primært for å nyta god mat, smaka på lokale vinar og oppdaga dei sjarmerande landsbyane. Alt dette fekk me oppfylt – og meir til! Dette var rett og slett eit eventyr!



Dag 1 – Ankomst til Barolo og første smaksoppleving


Vel framme i Barolo sjekka me inn på Asilo in Barolo, ein nydeleg leilighet med sentral beliggenheit. Som velkomst fekk me servert ein frisk italiensk boblevin – den perfekte starten på vinturen! 🥂


Lunsj med utsikt

Etter innsjekk gjekk me ut i dei sjarmerande gatene i Barolo for å finne lunsj. Me slo oss ned på Petit Bistrot, ein tilfeldig valdt restaurant – men for ein fulltreffar! Me fekk ein av dei beste utsiktene ein kan tenkje seg, med panoramautsikt over vinrankane. Her nøyt me deilige pastarettar og kjøttretter, sjølvsagt akkompagnert av vin frå området.


Middag på Osteria La Cantinella

På kvelden hadde eg booka bord på Osteria La Cantinella, ein koseleg restaurant i gåavstand frå leiligheten. Her fekk me servert autentisk italiensk mat i ein avslappa atmosfære. Det var heilt fullt i lokalet – og ikkje utan grunn! Barolo har ikkje mange opne restaurantar på kveldstid, så å booka på førehand er eit must.

Etter middag rusla me rundt i dei stille, historiske gatene før me trekte oss tilbake for natta.



Dag 2 – Vinsmaking og besøk til vakre Monteforte d'Alba


Dagen starta med ein roleg morgonkaffe på altanen før me gjekk til frukost på DiVin Cafè, ein kafé anbefalt av vertane våre på Asilo. Her sat me blant lokalbefolkninga og såg korleis byen vakna til liv.


Vinsmaking på Pietro Rinaldi

Så var det tid for turens første vinsmaking! 🍷 Me vart henta av sjåføren vår og køyrde ca. 20 minutt mot Alba, til den idylliske vingarden Pietro Rinaldi.

Vingarden låg på ein bakketopp med ein fantastisk utsikt over vinlandskapet! Me fekk ein elegant velkomst med bobler, før me sette oss ned for ein mat- og vinparing med fem vinar og tilhøyrande smårettar. Dei fleste rettane var himmelske, medan eit par var litt meir spennande. 😉Dei har nokon rom der òg, så mulig å overnatta der. Eg møtte Mr Rinaldi på Fauno restautant på Gjøvik i vinter og fekk kontaktinformasjonen hans der.




Monteforte d'Alba – Ein landsby rett ut av eit postkort

Etter vinsmakinga tok sjåføren oss vidare til Monteforte d'Alba, ein liten landsby som var ei fryd for auga! Dei fargerike husa som slynga seg oppover gatene skapte ei magisk atmosfære.


Tips: Book bord på førehand! Me hadde ikkje gjort det, og enda opp på ein heilt enkel pizzeria – Pizzeria in Piazza. Likevel fekk me ein fin oppleving i denne nydelege byen. Fleire restaurant tips i Monteforte d`Alba kjeme lenger ned i innlegget.



Dag 3 – Takbar med utsikt og vinsmaking på Diego & Damiano


Me starta dagen med restepizza til frukost – toppa med mimosa på altanen. Perfekt start! 🍊🥂


Takbar med panoramautsikt

Etter frukost gjekk me til Borgogno Takbar i Barolo, der me fekk ein av dei beste utsiktene over Piemonte.


Vinsmaking på Diego & Damiano

Deretter rusla me vidare til vingarden Diego & Damiano, berre 5-10 minutt unna sentrum. Her fekk me ei grundig innføring i vinproduksjon, og han fortalde med ekte lidenskap om vinen, druene og tradisjonane. Veldig flott og autentisk vinkjellar dei hadde der! Me fekk smaka på 5 forskjellige vinar som falt i smak og jammen blei det ikkje med nokon heim òg!


📝 Tips: Ikkje still spørsmål før vinen er skjenkt opp! 😉 Han var så entusiastisk at han kunne snakke i evigheiter før smakinga starta.

Vinsmakinga var gratis om ein kjøpte vin, elles kosta det 20 euro – vel verdt det!




La Morra – Vin og shopping

Etter smakinga tok sjåføren oss til La Morra, ein litt større og meir populær landsby. På vegen fekk me sjå vinmarkene på nært hald, noko som berre forsterka magien i denne regionen.

La Morra hadde mange små nisjebutikkar og vinbarer, og me stakk innom Vineria Sociale og Vicino DiVino for å smaka på nokre vinar. Her fekk me òg kjøpt med oss oljer, pasta og andre lokale spesialitetar.

På kvelden hadde me booka bord på Uve Rooms & Wine Bar, ein av dei mest populære restaurantane i La Morra – og det med god grunn! Maten var heilt fantastisk, og servicen var på topp. Her har dei òg overnatting.



Dag 4 – Heimreise frå Barolo


Dagen starta med regn, men det gjorde ingenting – me skulle likevel heim. På altanen, som var overbygd, fekk me servert frukost frå vertane våre på Asilo, før det var tid for å pakka koffertane og reisa til flyplassen. Sjåføren vår stod klar og kjørte oss til Milano MXP. Me rekna litt god tid itilfelle det skulle vera nokon hindringar på veien.

For ein tur dette har vore! Piemonte leverte på alle plan – vin, mat, natur og atmosfære.


Overnatting hos Asilo in Barolo


Eg hadde booka ein flott leilighet til oss i Barolo, Asilo in Barolo, den var ny i år. Det tok kun eit par min å gå til streeten i Barolo, med restauranter og koselige enoteca. Den var romslig med 3 soverom med tilhøyrande bad. Det siste rommet hadde kjøkkenkrok, så der var det ikkje fult så privatliv, men det gjekk fint for oss. Det var ein stor altan med sittegruppe og spiseplass. Her hadde dei lagt vekt på interiør og hadde ein stilig finish på heile leiligheten. Vertane Elisa og Francesca var så hyggelig og behjelpelig både i forkant og under opphaldet. Så uten dei så hadde ikkje turen blitt så bra! Eine dagen fekk me servert frukost i leiligheten. Me kosa oss med den på altanen. Viss me skal setta fingeren på ein ting, så var det at det ikkje var sofa/lenestolar. Etter ein dag på farten med masse god mat og vin kunne me tenka oss å synka ned i sofaen før me skulle finna senga. Eg anbefalar denna leiligheten på det sterkaste!




Praktisk informasjon og reisetips


Overnatting i Piemonte

🏡 Asilo in Barolo – Nydeleg leilighet med sentral beliggenheit og flotte fasilitetar.

🏨 Hotel Barolo – Tradisjonelt hotell i Barolo.

🏨 Uve Rooms & Wine Bar – Populær overnattingsplass i La Morra.


Beste vingardar å besøke

🍷 Diego & Damiano – 5-10 minutt gåtur frå Barolo sentrum.

🍷 Pietro Rinaldi – Litt utanfor Alba, 20 minutt frå Barolo.


Transport

🚗 Taxi: Book transport på førehand, spesielt i høgsesong! Me brukte Taxi Service Valsusa.

✈️ Fly: Direkte til Milano MXP med Norwegian eller SAS.


Restaurantar og Vinbarer:


Tips:

  • Beste tid å reisa- hausten august-oktober

  • Husk å bestill bord til middag, det er ikkje så mange restaurantar i sentrum og dei fleste er booka.

  • Dei aller fleste plassane tar kort, finns minibank der.

  • Tips er ikkje inkludert på restaurant, så fint å ha med kontanter

  • Ha gode sko, det er brustein og nivåforskjeller

  • Vinmuseumet i Barolo er fint å besøka.

  • Leigebil anbefalast om du vil sjå masse av områda, og ikkje har behov for å drikka vin.



Har du lyst til å oppleve Piemonte?


Eg kan varmt anbefale denne turen!


Har du nokon gong besøkt Piemonte eller smakt dei fantastiske vinane deira? Del gjerne dine opplevingar i kommentarfeltet under!


Har du spørsmål? Send meg gjerne ein melding på sosiale medier eller på info@reisermedglede.no. 😊 Eg skreddersyr gjerne din vintur til Piemonte!


Detta var ein privat tur der ruta var lagt opp av meg med god hjelp frå dei koselige vertane på Asilo in Barolo. Det er ikkje lett å finna ut kor ein skal reisa, kva restaurantar som er bra, og kva landsby ein bør bu i. Men eg må sei at valget med å bu i Barolo var heilt topp! Flybillettane bestilte eg på SAS i god tid, og fekk greie prisar. Eg booka ein leilighet i Alba først, men det følte eg ikkje var riktig, så fant me heldigvis denna leiligheten i Barolo, og hadde det heilt topp!


Håpar du blei inspirert til å ta turen til Piemonte! 🍷✨







Comments


Eg svarar deg så snart eg kan.

Kontakt:

Eva Berge Reisermedglede 

  • Facebook
  • Instagram
  • LinkedIn
Reisetips rundtom i verden, reiser med glede
bottom of page